Barnehage/skule «» kyrkjesamarbeid i Fusa
Kyrkja ynskjer å vera ein ressurs og tilbyr hjelp til undervisning i samband med høgtider bl.a. På kyrkjekontoret fins det materiell til utlån for dei som arbeidar i skule og barnehage.
Det fins også bøker til utlån ved sorg og krise. Soknepresten er med i kommunen sitt kriseteam og vil vera til støtte i slike situasjonar.
3-6 åringane i barnehagen
Julevandring og påskevandring.
Me opplever bodskapen ved å vera ein del av forteljinga. Kostymer, bilete, song og musikk.
Annakvar jul og annakvar påske.
Adventsbesøk
Besøk av kyrkjelydspedagog i barnehagen.
Eventuelt to grupper.
Forteljing, drama, song med utgangspunkt i juleforteljinga.
Annakvart år, motsatt av julevandring
Besøk av kyrkjelydspedagog i skulen.
Trinnvis eller alle samla.
Forteljing, drama, song med utgangspunkt i juleforteljinga.
Annakvart år.
Julegudsteneste
I den lokale kyrkja.
Tilbod til alle skulane kvar desember.
1.-2. trinn
Pinsevandring.
Forteljing, dåp, symboljakt, orgelet, tur i tårnet, kyrkja sin fødselsdag, song og musikk.
Vert vurdert flytta til seinare årstrinn.
Annakvart år i den lokale kyrkja.
3.-4. trinn
«Sjekk kyrkja!»
Guiding i kyrkjerommet, kyrkjehistorie, orgelet, tur i tårnet, song og musikk.
Annakvart år i den lokale kyrkja.
5. trinn
«Vandring gjennom Bibelen.»
Undervisningsopplegg på skulen, den raude tråden i det Gamle og Nye Testamentet. 2 til 4 skuletimar.
Tilbod gjeve vår og haust.