Fusa sokn
Fusa kyrkjekor

Fusa kyrkjekor

 

Kyrkjekoret gjer årleg teneste i 8-10 gudstenester, stortsett såkalla «vanlege» gudstenester.

 

Koret bidrar med å hjelpe kyrkjelyden i å verte kjent med ukjente salmar (både gamle og nye).

Koret kan óg overta eller utfylle kyrkjelyden si stemme når det framfører vokalmusikk på ulike stader i liturgien, t.d. som syndsvedkjenninga, i eit ekstra festleg Gloria og/eller under nattverden.

Eit viktig punkt er dessutan forsongartenesta i gudstenester der kyrkjelyden si stemme av ulike grunner treng støtte, t.d. minnegudstenesta på kveldstid på Helgemessesundag.

 

Kyrkjekoret øver (utanom sommarferien) kvar torsdag frå kl. 20 til 21 i Fusa kyrkje.

Nye medlemmer, særleg menn (!), er hjarteleg velkomen! Berre møtt opp i Fusa kyrkje eller ta kontakt med kantor Iman de Zwarte om du ynskjer nærare informasjon.

 

 

For å verte litt kjent med koret kan du høyre på nokre live-opptak ved å klikke på ei av lenkjene:

 

Bibelsk salme 130 av Johan Varen Ugland

Dette vart brukt som preludium på Bots- og Bededag 2008 i Strandvik kyrkje. (lenkja er lagt ut med løyve frå komponisten)

 

 

Salmebokforslag nr. 44 «Jesus för världen»

Eit døme på ein ukjent salme som vart brukt på 5. sundag i faste, 29. mars 2009 i Fusa kyrkje.

 

 

«Heilag etter Pachelbel» av Iman de Zwarte

Eit døme på «musica sub communione», musikk under nattverden, slik det vart framført 3. sundag i advent 2008 i Fusa kyrkje.

Teksten er «Sanctus»-teksten («Heilag, heilag, heilag») frå høgmesseliturgien.

Musikken har teke utgangspunkt i basso-ostinato og fyrste taktene frå Pachelbel sin kjente «Kanon».

 

 

«Send ditt ljos og di sanning» av Maurice Greene

Verket «O send out Thy light» av den engelske komponisten Maurice Greene er for sopran- og altstemmer. Det vart framført med norsk tekst (bibelsk Salme 43,3-4) på 5. sundag i faste (sundag «Judica»), som også har Salme 43 som den klassiske introitus-salmen. Den byrjar på latinsk med: «Judica me» som på norsk vert omsett med «Døm meg» eller «Hjelp meg til min rett». Sjå også neste lydfil.

 

 

Inngangsmusikk bibelsk Salme 43 av Iman de Zwarte

Denne inngangsmusikken (brukt som preludium) tar utgangspunkt i den gamle introitus-tradisjonen der Salme 43 er introitus(inngangs)salme for 5. sundag i faste. Opptaket er frå gudstenesta i Fusa kyrkje, 5. sundag i faste (29. mars) 2009.

Musikken prøver å knyte saman den gamle tradisjonen med den noverande ved å sitere melodien til ein kjent pasjonssalme som kyrkjelyden stemmer i mot slutten av opptaket (og som dermed er inngangssalmen).

 


Kyrie frå «Messe Basse» av Gabriël Fauré

I sesongen 2010/2011 framførte kyrkjekoret «Messe Basse» av Gabriël Fauré som gudstenestemusikk i alle kyrkjene i soknet.

Her ein smakebit frå fyrste satsen, Kyrie, framført i Fusa kyrkje sundag 21. november 2010.

 

 

Gloria (1. sats) av Antonio Vivaldi

På 1. Pinsedag 2009 framførte kyrkjekoret denne satsen etter Kyrie, som innleiing til Lovsong II (også kjent som «utvida Gloria»).

Arrangementet er av Iman de Zwarte og er for tre-stemt kor og orgel.