Fusa sokn

 

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

 

VELKOMEN TIL DÅP I FUSA SOKN!

 

Å ta imot eit barn gjev grunn til stor glede og takksemd. Samstundes kjenner vi på det store ansvaret for framtida til barnet.

 

Difor er der ikkje noko større vi kan gjere for barnet vårt, enn å bringe det til Gud. Han som har skapt det i sin kjærleik, og som ynskjer å omslutte det med denne kjærleiken gjennom heile livet. Dette skjer i dåpen. Her tek Gud imot barnet som sitt eige, og gjev det Jesus som vegvisar og hjelp på livsvandringa, i fylgje med alle truande i den kristne kyrkja.

 

Denne gode samanhengen må dåpsbarnet både få oppleve og lære om. Ved dåpen går såleis barnet inn i kyrkja sitt trusopplæringsprogram: «Størst av alt». Denne trusopplæringa satsar vi mykje på i Fusa, og trur der er mykje godt å hente både for barn og foreldre.

 

INNMELDING TIL DÅP

Dåpen er ikkje aldersbestemt. Men dei fleste vert døypte som spedbarn. Vi sender difor informasjon om dåpen til alle medlemer av kyrkja som nett har fått barn. Her finn ein også oversikt over aktuelle dåpsdatoar i dei ulike kyrkjene. Opplysningar om dette vil ein også få på kyrkjekontoret.

Ved dåp av større barn, ungdomar og vaksne, vert dåpshandlinga tilpassa alderen til dåpskandidaten. Men innhaldet er det same. Dei som er over småbarnsalder vil få hjelp til å førebu seg til dåpen. Dette vert avtala med presten som skal utføre handlinga.

 

Dersom de ynskjer dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret. Der får ein gjort avtale om tid og stad for dåpen, og gitt naudsynte opplysningar om barnet, foreldra og fadrane. Dei sikrast treffetidene er: tysdag kl. 10.00-15.30 og torsdag kl.08.00-15.30.

 

FADRAR

Fadrane er saman med foreldra vitne til dåpshandlinga. Dei får eit særskilt ansvar for å gi hjelp til at den døypte kan leve og vekse i den kristne trua. Vel difor fadrar med tanke på alt dette. Hovudansvaret for trusopplæringa ligg likevel hos foreldra.

 

DÅPSSAMTALEN

Når dåpsdagen nærmar seg, tek presten kontakt med foreldra om dåpssamtale. Denne finn stad i heimen eller på kyrkjekontoret. Her snakkar ein om kva dåpen er, gangen i dåpshandlinga og om dåpsopplæringa. Dåpsbarnet får «Dåpsperm for Fusa» i gåve frå kyrkjelyden. Dette er både ei minnebok frå dåpen og ei hjelpebok i dåpsopplæringa.

 

MEIR INFORMASJON

Dåpsordninga vi nyttar i Fusa finn du på denne nettstaden. Like eins ei hugseliste med praktiske opplysingar for dåpsdagen. Meir informasjon finn du også på kyrkja.no under «Livets veg/Dåp».

 

Å velje dåp og dåpsopplæring er å formidle det største av alt til barnet:

trua, håpet og kjærleiken.

Difor er det ei glede å innby dykk til dåp i Fusa sokn.